mandag 26. januar 2009

Konsertønske

Photobucket

Den 28 mars spille den fabelaktige Thom Hell på Røver kulturhotell, og eg har sååå lyst å gå! Eg e sikker på at eg kan få Maria me meg. Konsertbill inkludere nattbåt te haugesund noe som e veldig praktisk. Eg trur eg ska sjekka turnusen min og tipsa Maria, deritte kjøpa billett for penger eg ikkje har. Hurra, hurra!

Samtidig som eg nyte den nydlige musikken konne eg tenkt meg å pryda mine bein me dissa fantastiske skonå fra J.Crew!

Photobucket

fredag 23. januar 2009

Øyloffing

Eg og Gisle har lenge planlagt ein USA tur kor me sko besøka familien hans på vestkysten og backpacka på østkysten. Gisle va kjempegira på usa, mens eg trengte ein del overtalelse. I går satt me foran pc`en og hadde flybillettar klar te bestilling og begge tenkte, "eg vil kje te usa." Itte me sov på det (eller, Gisle såv, eg surfa på øyloffing rundt de greske øyene) så slo me fra oss heile usa pakket og bestilte fly te Santorini! Så nå blir det øyloffing i to uker i sommar:) Me har kun bestilt fly, ittesom me backpacke så e det lite spontant å bestilla hotell øve alt. Me har lyst å besøka Paros, Antiparos og Naxos, og itte mye reasearch e begge kjempegira!

Photobucket

Eg fant ei nettsida som ein familie har lagt om øyloffing i Hellas. Sidå omhandle alle de forskjellige øyene di har besøkt fra 1997 og fram te dags dato! Masse fine bilder og masse nyttig info som kanskje ikkje alltid blir opplyst i reisebøkene. Det sto blant aent at ein mær vanlig måte å overnatta på Santorini o.l øyer e å leiga taket te beboerane på øyå. Sovepose e som ofta med i prisen, det ska gjørast! Turen te Santorini, Paros, Antiparos og Naxos e mye billigare enn usa turen hadde blitt så derfor snakke me om å ta oss ein paristur i vår, eller ein aen plass:) Ha ei fin helg! Eg for min del ska ut å kjøpa reiseguider før arbeidshelgå står for tur!

mandag 19. januar 2009

Vil ha!

Photobucket

Nydlig kjole fra noanoa. Kjolen e desverre fra fjorårets sommerkolleksjon så den vil nok bli vanskelig å få tak i. Ellers skjer det lite i livet akkurat nå. Eg har malt ferdige den antikke stolen eg kjøpte i sommar, men e nå usikker på stoffet eg har valgt, dessuten har eg aldri trekt om ein stol før. Eg har endelig fått rydda i skapene våre, kasta klær, vaska klær og reorganisert klær. Litt deilig å få detta gjort når Gisle e ute på sjøen, då har eg full kontroll uten at han trenge å vassa i rotet.

Eg må snart få på meg treningsklernå. Ska varme Lena på bosu/styrke om noen minutt. Eg lika styrke, men har aldri trent bosu før. Eg ska o på skulen for fyste gong på lenge i mårå. Eg fekk utsetta anatomitesten te 4 feb, men ska o ha inn ei oppgava ront samma tidå, så eg kjeme te å ha det nokså hektisk! Har på toppen av det heila arbeidshelg, som e 13 timars vakter. Uansett så får eg nok alt onnagjort:) 12-15 februar e det deilig hyttetur med deilige venner så eg har noe å se fram te, det e det som e trikset i livet;)

Ha ei god uka!

lørdag 17. januar 2009

Peanuttbutter cupcakes

Bakeånden kom øve meg i går kvell og resultatet blei nogen muffinsar. Tok di med meg te Lena, me sko sjå film, å då e det greit å ha nogge å smatta på. Eg vil kje erklæra meg som noe muffinsdronning, men eg må ærlig innrømma at eg finne ein viss glede i å prøva ut foskjellige muffinsvariantar, og gi di vekk te noen andre. Så te alle som e gla i meg, dokke e mine små prøvekaniner:)

Photobucket

Muffinsane blei vellykka og smakte møkje som snikers sjokoladen. Me stapte i oss litt for mongen, men det gjere ingenting. Heila huset derimot dunste av blomster. Eg har kjøpt blomster te meg sjøl igjen, liljer denna gongen.

Photobucket
Faktisk litt kvalmande å sitta ved siden av liljene. Eg sko egentlig på trening med Lena, men gullet nas har fått spysjukå og må derfor passa på han. Lure litt på ka eg ska te meg te.. me får sjå! God helg!

tirsdag 13. januar 2009

Savn av sommar

Photobucket

Vinter e mi årstid, men når vinteren ikkje melde sin ankomst begynne eg å savna sommaren. Eg hadde det så uendelig gøy i fjor sommar, me rafting, longe dagar på strandå, grilling, litt reising, varme og venner og sjøen. Hadde det vært sommar hadde eg logge på strandå å lest te anatomieksamen, i steden for inne onna teppet mens regnet klaske mot vinduet, det har det gjort lenge nok nå...

søndag 11. januar 2009

Ein koslig søndags kvell.

Photobucket

Med alt for møkje søtt å spisa planla me ein fabelaktig hyttetur. 12 - 15 feb reise me te Rauland! Litt trist at verken Lena eller Cecilie hadde mulighet te å varme denna gongen, men me får ta det igjen i sommar når jentene ska te Voss på rafting og juvvandring!

Photobucket

Søsterå te Gisle gav blandt aent denna Kusmi teen te oss te jul. Eg har ikkje smakt an endå, men for ein fantastisk boks! Lure på om eg ska smaka an i mårå te frokost før eg begynne å lese te anatomiprøven?

God natt:)

lørdag 10. januar 2009

Inspirert

Photobucket

Ikkje møkje å ropa hurra for..

Eg tror eg e for øyeblikket den lataste og mest ineffektive personen på mils omkrets. Nå som det e helg, føles det ikkje som helg, fordi eg kun har vært på skolen ein av av fira(!) dagar. Det e altså ikkje bra. Det kan umulig varra bra å starta det nya semesteret me å møta opp ein dag. Eg låg me hodevondt på torsdag å fredag, men på mandag va eg barra lat. Eg va flink på tirsdag, då va eg på skolen, og på onsdag hadde me fri. Jaja, ka så? tenke kanskje du, og eg e litt enig. Verden går kje onna for det om. Hadde det kje vært for at ska ha muntlig test i anatomi førstkommande torsdag, at eg har gått glipp av masse forelesningar, og pensumbokå e kje te å få tak i, for den e utsolgt!

Samtidig så har eg to oppgaver å skriva. Eg burde barra hatt ei, om eg hadde fått fingen ut å faktisk skreve oppgavå i julå som alle andre har gjort. Så eg har frivilig lagt mitt eget (ikkeeksisterende) skjegg i postkasså å smelt godt igjen. Eg har vel aldri vert så oppgidde øve meg sjøl som eg e akkurat nå.

Eg har derfor ein plan:
Vask klær
Vask hus
Finn bok og kjøp!
Les!
Bestå test.

God helg te alle dokke andre bloggere! Må helgå bli mær spennande enn mi:)

torsdag 8. januar 2009

Jentekvell

På søndag som komme ska eg ha jentene øve for å planlegga hytteturen. Ingen av oss har ei hytta tilgjenglige som har rom nok te alle, så det e ein del å finna ut av. Samtidig blir det jo jentekos. Eg syns det blir litt stusselig å invitera jentene øve uten å ha noge å tilby di, sjøl om me har vert venner siden barnaskolen. Uansett har eg bladd litt i "A piece of cake" og det e ein amerikansk eplepai som friste litt. Eg har derimot aldrig lagt noen form for pai, så derfor lage eg de klassiske "svenske kanelbullane" som redning om paien sko gå i bosset.

Photobucket

Bollene ligge på et fat fra Linnea serviset som kremmerhuset føre. Det ska nå ut av produksjon og di selge det nå ut med 50% avslag! Så dokke som samle, løp og kjøp! Eg for min del har hamstra heila serviset for lenge siden.

Ein bit av kvardag

I går slo kvardagen skikkelig inn! Gisle reiste på jobb, eg leita itte bøker te anatomieksamen neste uka og treningå slo inn for fult. Eg har aldri gått på fettbrennar timen før i går, sinnsykt effektiv, men kanskje derfor eg sitte hima fra skulen nå me dondrane hodepine. Eg har ein irreterande tendens te å få vondt i håve om eg trene for hardt.

Photobucket

Uansett hodepine og kverdag står tulipanane kjempeflotte i kjøkkenvinduet. Herlig med et snev av vår itte julatider. Sko ønska eg konne sei di va fra min kjære, men eg kjøpte de sjøl. Det blir derimot litt mær spesielt når eg faktisk får blomster ca tri - fira gonger i året.

Photobucket

Utrolig nok e ein av de største utfordringane når gisle e på sjøen å få middag i meg. Eg lika ikkje å laga middag heilt aleina, kun te meg sjøl, men det må eg bli flinkare te! I går stod wokgrønnsaker og laks på menyen. Godt og sunt!

Photobucket

Eg va i Haugesund i går å gjekk forbi "Minime" som hadde salg. Eg har ingen barn sjøl, men siden butikken e så sinnsykt fin måtte eg barra inn å kikka litt. Uansett fant eg denna vesten te halv pris! Tenkte at Olliver (gutten te venninnå mi) hadde vore knalla snåle i denna. Den litle tassen brydde seg kje så møkje om vesten, som kjøkkenutstyret te mammen, men lena likte an vertfall:)

mandag 5. januar 2009

Yoga

Photobucket

I mårå presis kl 20.00 begynne eg å trena yoga. Eg har vært borti det litt før og var nokså flittig ei stund. Eg huska den gode følelsen eg fekk av det, så eg lura litt på kaffor eg slutta. Eg hadde både ei god yogabok (Yoga for kvinner) og ei yogamatta, men plutselig forsvant begge deler. Mon tro om eg har lånt di vekk te nogen..? Uansett, når ein bur på karmøy e det kje det store tilbudet ein finne, men treningssenteret mitt har virkelig slått te når dei fra nyåret av tilbyr både yoga, afromoves og pilates! Eg e nå fullstendig klar øve at treningå i mårå ikkje blir lika zen og harmonisk som bilde øvante, men eg syns det va insirerande, derfor e det der.

Vil ha!

Photobucket
Nydelig kjole fra J.Crew.

Hytteturen

Sjøl om ei iskald hytta venta oss fredag ittemiddag (presis - 2 grader) va det herlig å komme seg vekk litt og kvila øynene på noe aent! Hyttå har verken strøm eller vann så det blei litt primitivt i forhold te hjemma, men det gjorde ingen verdens ting! Siden me ikkje hadde tv satt me å spilte kort om kvellane noe som egentlig va litt befriande. Eg fekk endelig begynt på "Eat, pray, love" av Elizabeth Gilbert, og ganske så fort blei eg totalt oppslukt!

Photobucket

Neste morgen våkna me opp te nysnø. Itte koslig frokost gjekk me ut å skjøt litt me luftgeværet te Gisle, noe eg overaskande har litt talent for. Me pakka sekken og kjørte opp te Slettedalen som e ca 1 time fra Tysseland. Mankan te mær kronglete og smale veier har eg aldrig vært borti, men vår lille polo med utslitte piggdekk og forhjulstrekk klarte å klatra te tops, sjøl om eg va lettare nervøs på vei opp te fjellet.

Photobucket

Eg for min del har ikkje stått på ski på ti år! Eg trudde det sko varra lettare enn det va, og det endte opp me at det va eg og ongane så låg paddeflate i bakkane. Noenlunde flau måtte eg barra psyka meg opp å le av meg sjøl, ellers hadde det aldrig gått, og vips så sto eg ner bakkane som ein ekta amatør, men eg datt ikkje! Eg elska det! Det va så kjekt, og eg glede meg sånn te jentene ska på hyttetur, då blir det langrenn med knall og fall!:)

Photobucket

Gisle derimot e nærmast oppvokst på fjellet. Ittesom foreldrene eige to hytter e han vandt me skog og mark og longe skiturar. Han sprinta av gårde og fekk ikkje stor nok fart ner bakkane. Eg va rektigt imponert øve han:) Eg e derimot et sjømennesket. Mine foreldre har to båtar, og det e på sjøen somrane mine fra barndommen e blitt tilbrakt. Så eg va jo ikkje i mitt rette element te mitt forsvar. Uansett kan eg dokke 10 m i fridykk, mens Gisle tør så vidt å legga seg på svøm!

Photobucket

Uansett va det ei kjempehelg og me va heldige me veret! Sol og opplett heila tidå! Eg glede meg te påsken kjeme, håpa Gisle e hima då, for då fere heile familien opp te hyttå, å då e det innlagt strøm og:) men før den tid må me ta oss et par fjellturar te så eg kan få øva meg litt mær siden familien hans e supre på ski. Me har planer om å ta me oss et vennepar når Gisle kjeme him fra sjøen, håpa di suge på langrenn!

torsdag 1. januar 2009

Første hytteturen i 2009

Itte at feiringen av det nye året har lagt seg, e det klart for nyårets fyste hyttetur! Masse snø, lange skiturer, og generelt hyttekos! Me e allerede stått opp for ei litå stund siden, vente på at kaffien ska bli ferdig før me begynne å pakke og styre på!

Photobucket
Bildet e ikkje tatt fra hyttå, men i Liarlund. Kjenne barra kossen eg glede meg te snøen!
Ha ei flotte helg!