onsdag 17. mars 2010

Tirsdagsmat

Fiskapinnar og spagetti med kjøttdeig va to rettar som mamma aldri tok av menyen når me va små. Rimeligt og lett å laga. Eg kan forstå at det va to alternativer som passa inn i ein travel kverdag som småbarnsmor, men fytti så leie me blei av det. I løpet av oppveksten har eg derfor lovt meg sjøl at "når eg blir stor" ska eg servera dei mest fargerike og spennande rettane som får mann og barns kulinariske sansar te å gå bananas! Så i går stod pannekaker og bacon på menyen, snakka meg om kulinarisk opplevelse! Så kan det nevnast at det finnes ingen små å passa på her i huset, og eg hadde heila dagen fri. Neidu, ein må møta seg sjøl i dørå nogen gonger, må ein ikkje det?
Photobucket
I dag får eg Karina og Viljar på besøk, eg tenkte det blir brownies fra Toroposen om tiå ikkje strekke te. Deritte, spagetti med kjøttdeig te middag!

Ingen kommentarer: